Kontakt meg
Har du eit prosjekt eller ein ide? Seng meg ei melding med ein kort brief eller prosjekt-detaljar, og eg vil snart ta kontakt.
Heilt uforpliktande!
Du kan og nå meg på +47 48219823. Eg er tilgjengeleg på telefon og whatsapp.
Du vil snart høyre frå meg!
Din designer
Rebekka Myrseth
Eg kjem frå ei lita bygd i Nordfjord, er utdanna grafisk designar ved Noroff og har bachelor i økonomi. Inspirasjonen hentar eg frå natur, reiser og friluftsliv – noko som gir meg nye perspektiv og pregar korleis eg utviklar idéar og løysingar.
Kvifor velge meg?
· Eg leverer effektive og presise designløysingar med høg kvalitet – utan byråprisane.
· Som din faste kontaktperson får du rask kommunikasjon, smidig prosess og skreddarsydd design som speglar identiteten til bedrifta di og treffer målgruppa riktig.
· Eg jobbar med profesjonelle verktøy som Adobe Illustrator og InDesign for å sikre ryddige, gjennomarbeidde uttrykk som fungerer like godt digitalt som i trykk.
· Med eit særleg blikk for struktur gjer eg komplekst innhald lett å forstå, enten det handlar om grafar, tabellar, infografikk eller visuelle støtteelement som styrkar bodskapen din.
· I tillegg gir eg 5 % av inntektene frå kvart prosjekt til The Foundation for Tomorrow, som arbeider for at sårbare barn i Tanzania får tilgang til utdanning og ei tryggare framtid.
· Når du vel meg, støttar du ikkje berre ei lokal, lita bedrift – du bidreg også til eit mål som varer lenger enn designet vi skapar saman.